Blue Kentucky Girl av Emmylou Harris

Blue Kentucky Girl
Studioalbum av Emmylou Harris
Språk engelsk
Utgjeve April 1979
Innspelt Nashville i 1979
Sjanger Country
Lengd 34:07
Selskap Warner Bros. Nashville
Produsent Brian Ahern
Emmylou Harris-kronologi 
Quarter Moon in a Ten Cent Town
(1978)
Blue Kentucky Girl Light of the Stable
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
The Guardian3/5 stars[2]

Blue Kentucky Girl er det sjette studioalbumet til den USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i 1979. Albumet går djupare inn i tradisjonell country enn countryrockstilen på dei tidlegare platene til Harris og ho baserte på ein meir akustisk stil.[1]

Av songane finn ein verk av Willie Nelson og Gram Parsons. Rodney Crowell-songen «Even Cowgirls Get the Blues» med harmonivokal av Dolly Parton og Linda Ronstadt var eit resultat av ei innspeling for å spele inn det første av eit album med denne trioen i 1978. Albumet vart ikkje noko av den gongen og det tok nesten ti år før dei klare å få det til.

Albumet vann Grammyprisen i 1980 for beste kvinnelege countrysong. «Beneath Still Waters» vart den fjerde hitten til Harris som nådde toppen av countrylista. Versjonen hennar av The Drifters-hitten «Save the Last Dance for Me» frå 1960 og tittelsporet på albumet (opphavleg av Loretta Lynn) nådde topp 10 på lista.

I 2006 vart albumet rangert på 20. plassen på lista til CMT over dei 40 beste countryalbuma.

  1. 1,0 1,1 Ankeny, Jason. Blue Kentucky Girl av Emmylou HarrisAllmusic
  2. Sweeting, Adam (9. april 2004). «Emmylou Harris, Blue Kentucky Girl». The Guardian. Henta 11. november 2020. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Tubidy